Tuesday, July 13, 2010

Stad Nr. 2 - Tross/ Gamle Vona- løa

Som smågut var dette staden alle ungane i nærmiljøet kom saman til alt slags spel (spel som mange var veldig varierte, "slå på kjeppen", "konken", mange ballspel(sjølvsagt også fotball).ect.

Betydning for meg: Når eg går forbi Tross idag går tankane lett tilbake til den felles leik på Tross. Det var der eg sat ein varm 8.mai 1945 då ein mann kom springande med ein radio og sa at krigen var slutt!

Stad Nr. 4 - Kristofferhuset

Bustad frå 0-13 år. Spennande oppvekstmiljø med ulike typar næringsliv i nærleiken og eit stort privat bibliotek i første etasje, der mitt vitebegjær blei tilfredsstilt.

Betydning for meg: Oppvekststaden bevisstgjorde meg om seinare yrkesval og utdanningsveg. Ga meg eit innblikk i det sosiale liv i bygda.

Stad Nr. 5 - Kristofferbua

Far min sin arbeidsplass og min første arbeidsplass. Ga meg innblikk i ulike menneske typar og ein god del innsikt i psykologiske prosessar.

Betydning for meg: Ga meg bevisstheit om korleis yrkeslivet fungerte og korleis mennesket opptrer ulikt i ulike situasjonar.

Stad Nr. 6 - Klokkargarden

Fritida blei brukt i dette området. Ulike former for aktivitet.

Betydning for meg: Betyr kameratskap, samhald og utvikling av kreative tider.

Stad Nr. 7 - Badevika

Vibrasjonar gjennom livet fram til no.

Betydning for meg: Sommar- alltid varme og lys. Bading. Sommarforelskingar.

Stad Nr. 8 - Tross

Heim i voksen alder. Liv saman med kone og barn. Saman i generasjonsbostad med foreldre.

Betydning for meg: Arbeidstaden til far, trygg og stabil. Lukten av furu som tørkar. Arbeid som somrane. No min bustad.

Stad Nr. 9 - Folkebadet/ Barndomsheimen

Barndomen i tettstaden Dale.

Betydning for meg: Barndomen. Tett med leikekamerater. Lange lyse kveldar. Vinterleik rett utfor døra.

Stad Nr. 10 - Sentrum/ "Best Corner"

I Sentrum er Firda Billag, Coop og Bakeriet. Her er eg ofte, butikken (handle på coop.) Bakeriet (treffe folk for ein prat.)

Betydning for meg: Sentrum. Reise- busstasjon. Møteplass for folk. Sosialt - bakeriet.

Stad Nr. 11 - FUS/ Vevang

Arbeidsplassen min dei siste 20 år. Eg var elev her på realskulen.

Betydning for meg: Arbeidsplass. Ungdom i Fjaler møtest på Fjaler Ungdomsskule.(FUS.)
Skule- Eg gjekk sjølv på realskule her.

Stad Nr. 12 - Ungdomshuset/ Trudvang

Lokale for kultur, dans og kino. Sosialt.

Betydning for meg: Sosialt- møtestad. Kultur - revy, teater, musikk, kino og fest.
Torsdagsdansen- kultur med dans og tradisjon. Møter andre kulturar (UWC.)

Stad Nr. 13 - Dale Skofabrikk

Har vore ein god arbeidsplass for meg i over 40 år.

Stad Nr. 14 - Dale Kyrkje

Døpt, konfirmert og gift.

Stad Nr. 15 - Fjaler ungdomsskule

Ein god skule med eit godt miljø.

Stad Nr. 16 - Trudvang

Teaterframsyningar, deltaking i teater/ skjetsjar. Dansefestar. Vore med i styret; opplæring i organisering. Dugnad. Foreldra mine møttest her.....

Betydning for meg: Sosialt samvær. Mange gode kjensler i møte mellom menneske. Den gode kjensla av å kunne meistre dans, sceneopptreden.m.m.

Stad Nr. 17 - Lokalet / Gamle Kommunehuset

Mange øvingar med skulemusikken og musikk- korpset. Gjekk forbi på veg til og frå skulen.

Betydning for meg: Det sosiale samværet. Musikalske opplevningar, få lære å spele. Spesielt hus, som er fint å sjå; dei to steintrappene t.d.

Stad Nr. 18 - Matbua/ R og J Haugen.

To av onklane mine dreiv forettning her. Dei budde her med sine familiar og.

Betydning for meg: Tenkjer på den middagpølsesnabben eg alltid fekk av onkel Jan kvar gong eg kom inn på butikken. Mange gode historier frå butikken. Vil alltid hugse den gode låtten til onkel Jan.

Stad Nr. 19 - Vevang

Her budde eg heile barne- og delar av ungdomstida. Levde store deler av året med "50 sysken" - elevane på pensjonatskulen som foreldra mine dreiv.

Betydning for meg: Glede. Takksemd. Ei varande kjelde for barndomsminne - med nære vener i ein trygg oppvokster.

Stad Nr. 20 - Klokkargarden

Her budde besteforeldra mine og syskenborna mine. Her var "reviret" og nærområdet mitt i heile barndomen. Leika, klatra i trea, hoppa i høyet, gjekk i floren i same miljøet som Jakob Sande hadde gjort ein generasjon tidlegare.

Betydning for meg: Røter. Slektskjensle. Seinare ein nærarenda for å kunne formidle mitt møte med Jakob Sande si diktar-verd.

Stad Nr. 21 - Dale kyrkje-gard

Her går eg mellom alle mine kjære som er døde. Men også mellom dei som utgjer heile vår nære og viktige historie og røter.

Betydning for meg: Ærefrykt. Ettertanke. Takksemd. Sorg og lengt.

Stad Nr. 22 -

 
© Transplant 2010