Thursday, July 15, 2010

Day 2 - Identifying climatic qualities of Dale

Den 14/7 organiserte Transplant ein workshop med den danske samtidskunstnaren Charlotte Grum. Målet med workshopen var å identifisere nokon av dei klimatiske kvalitetane som er i Dale og skape eit visuelt uttrykk for dei. 7 innbyggare deltok, 6 var gjengangare frå gårsdagens workshop.
Om formiddagen teikna deltakarane inn på eit kort ei rute dei ofte går igjennom byen og dei markerte dei klimatiske kvalitetane dei opplever undervegs om sommeren. Det blei laga ein felles rute som inkluderte dei fleste klimatiske kvalitetane og denne ruta blei gått på ettermiddagen så deltakarane på eigen kropp kunne sanse kvalitetane på stadane. Dessutan valgte dei kvar ein klimatisk kvalitet som dei dokumenterte med kamera undervegs. Resultatet er individuelle visualiseringar t.d. av kvaliteten kald, fuktig eller open.
Workshopen viser at opplevinga av klimatiske kvalitetar er høgst individuel og kontekstavhengig. Mørket på den ”Gamle veg/ Tross” blei for eksempel oppfatta som noko behagelig og beskyttande i motsettning til mørket på Coop hjørnet, mot Fjalerhuset.

Kart

1. Kaia

Varmt
Fuktig
Vindfullt
Lyst
Open

2. Skofabrikken

Fuktig
Vindfullt
Open

3. Tross / Brua

Fuktig
Vindfullt
Lyst
Open

4. Tross / Kristofferbua

Kaldt
Varmt
Tørt
Vindfullt
Vindstille
Lyst
Open

5. Den gamle veg / Tross

Vindstille
Mørkt
Lukka
Trygt
Idyllisk

6. Esso / Krysset

Kaldt
Fuktig
Vindfullt
Vindstille
Mørkt
Open

7. Sentrum / Krysset

Varmt
Tørt
Vindstille
Lyst
Open

8. Kyrkya

Varmt
Fuktig
Vindfullt
Vindstille
Lyst
Open
Lukka

9. Arntz-huset

Varmt
Vindstille
Lukka

10. Brua / Øyra

Kaldt
Fuktig
Vindfullt
Lyst
Open

11. Øyra

Kaldt
Varmt
Tørt
Vindfullt
Vindstille
Lyst
Open

12. Hjørnet Coop mot Fjalerhuset

Kaldt
Fuktig
Vindfullt
Mørkt

13. Mellom Bakkeri og Senteret

Kaldt
Fuktig
Mørkt
Lukka

14. Fjalerhuset

Varmt
Fuktig
Vindfullt
Vindstille
Lyst
Open

Wednesday, July 14, 2010

15. Transplant

Varmt
Vindfullt
Vindstille
Lyst
Open

Day 1 - Emotional mapping of Dale

Den 13/07 organiserte Transplant ein workshop med samtidskunstnaren Charlotte Grum. Målet med workshopen var å samle og veve saman dei eldste sine relasjonar til bygda.
10 innbyggare deltok, alle med lang livserfaring ifrå Dale.
I løpet av dagen blei personlege historier utveksla om tettstaden Dale.
Workshopen vil resultere i ein alternativ forståing av erfarne og skjulte kvalitetar i Dale. Workshopen kan sjåast som grunnarbeidet, der ein nyttar ei gruppe innbyggarar til å utforske og få fram subjektive synsvinklar, for framtidig tettstadsutvikling.

Tuesday, July 13, 2010

Kart

Stad Nr. 1 - Yksnebjør/ Økenberg

Yksnebjør/bondegard, der vaks eg opp i ei anna tid, får krigens tid og utover, saman med foreldre og fire sysken i det felles arbeid for å skaffe det nødvendige til livets opphald. Men det var energi att til leik i fritid både til lands og til vanns.

Betydning for meg: Garden, Dale, Dalsfjorden med sine varierande landskapsformer gjorde det naturleg for meg etter realfagstudiene i Bergen i 60- åra å vende tilbake til Dale som lærar og sauebonde.
 
© Transplant 2010