Tuesday, July 13, 2010

Stad Nr. 25 - Handelsstaua

Her var butikk i tidlegare tider. A.J. Dale hadde butikk. Han var gift med Agnes som var frå Stav. Ho var kjend for å kunne ekspediere fleire kundar på same tid. Her fekk dei alle slags varer og hadde dei ikkje fekk dei sendt dei med båten til neste dag. Her var damsskipsekspedisjon og eg har tatt båten herifrå om sundagskvelden og var i Bergen neste morgon. Seinare kom Dale spesialvarer og det var ein viktig plass for bøndene. Dei fekk diesel, kraftfor og gjødsel her.

Betydning for meg: Ein fekk det ein hadde bruk for.

No comments:

Post a Comment

 
© Transplant 2010