Tuesday, July 13, 2010

Stad Nr. 19 - Vevang

Her budde eg heile barne- og delar av ungdomstida. Levde store deler av året med "50 sysken" - elevane på pensjonatskulen som foreldra mine dreiv.

Betydning for meg: Glede. Takksemd. Ei varande kjelde for barndomsminne - med nære vener i ein trygg oppvokster.

1 comment:

  1. Her gjekk eg på realskulen frå hausten 55 til våren 57. Seinare vart eg lærar der frå 1964 til skulen vart lagd ned. For meg betyr det at eg fekk mitt første møte med den store verda og med dei farlege og spennande ungdommane som kom frå heile landet.
    Seinare då eg var lærar hadde eg ei tøff tid med ungar som ikkje akkurat var komne der fordi dei hadde utmerka seg med god framferd. Det var ei minst like lærerik tid for meg som for dei.

    ReplyDelete

 
© Transplant 2010