Thursday, July 15, 2010

Day 2 - Identifying climatic qualities of Dale

Den 14/7 organiserte Transplant ein workshop med den danske samtidskunstnaren Charlotte Grum. Målet med workshopen var å identifisere nokon av dei klimatiske kvalitetane som er i Dale og skape eit visuelt uttrykk for dei. 7 innbyggare deltok, 6 var gjengangare frå gårsdagens workshop.
Om formiddagen teikna deltakarane inn på eit kort ei rute dei ofte går igjennom byen og dei markerte dei klimatiske kvalitetane dei opplever undervegs om sommeren. Det blei laga ein felles rute som inkluderte dei fleste klimatiske kvalitetane og denne ruta blei gått på ettermiddagen så deltakarane på eigen kropp kunne sanse kvalitetane på stadane. Dessutan valgte dei kvar ein klimatisk kvalitet som dei dokumenterte med kamera undervegs. Resultatet er individuelle visualiseringar t.d. av kvaliteten kald, fuktig eller open.
Workshopen viser at opplevinga av klimatiske kvalitetar er høgst individuel og kontekstavhengig. Mørket på den ”Gamle veg/ Tross” blei for eksempel oppfatta som noko behagelig og beskyttande i motsettning til mørket på Coop hjørnet, mot Fjalerhuset.

No comments:

Post a Comment

 
© Transplant 2010